I oktober i år startar Høgskulen i Volda (HVO) arbeidet med å skrive kultur- og bygdehistorie for Skodje; ei allmennsoge frå istid til notid, men med hovudvekt på dei siste 200 åra.  Manuskriptet skal vere klart for levering til forlag i desember 2020, og utgjeving vert til hausten i 2021.

 

Prosjektet

Sogelaget tok i 2014 opp å arbeide for å skrive ei kultur- og bygdehistorie for Skodje (allmennsoge). Grunnlaget er m.a. det som står i føreordet til Bygdebok for Skodje (Louis Giske, 1986), der boknemnda vonar at det kan finnast ressursar til dette.

Sogelaget fekk for nokre år sidan testamentert ein arv etter Olav Løvold, og med grunnlag  i desse midlane og føreordet i bygdeboka fekk sogelaget først professor i historie ved Høgskulen i Volda, Atle Døssland, til å utarbeide ei innhaldsskisse. Deretter vart det teke kontakt med kommunen om samarbeid for å gje ut ei allmennsoge. Hausten 2016 vart det nemnt opp ei felles arbeidsgruppe som vurderte både innhald, organisering, finansiering og innhenta tilbod frå høgskulen på forfattararbeid. Etter utgreiing frå arbeidsgruppa gjekk sogelaget sitt årsmøte 06.03.17 inn for prosjektet, og kommunestyret vedtok i møte 08.03.17 å gi tilskot til prosjektet.

Avtalen med høgskulen omfattar om lag 4 forfattarårsverk, prosjektleiing og fagleg kvalitetssikring, med oppstart i 2017 og levering av manuskript til forlag i desember 2020. Sogelaget oppnemner ei lokal bygdeboknemnd som skal følgje prosjektet. Sogelaget er oppdragsgjevar med juridisk og økonomisk ansvar, noko som er muleg fordi kommunen har løyvd eit økonomisk likeverdig bidrag.

Økonomisk ramme for prosjektet er om lag 5,3 mill. kr eks. mva, som vert finansiert med 2,25 mill kr frå kommunen, same beløp frå sogelaget, og resten med sal og ekstern/privat støtte. Kommunen stiller i tillegg med sekretær i bygdeboknemnda. Meirverdiavgifta vert søkt dekt av tilskotsordninga der frivillige lag og organisasjonar får kompensert mva-kostnadar.

 

Oppstart og kontraktsignering

Sogelaget inviterte i samråd med kommunen og høgskulen til pressemøte og presentasjon av prosjektet på  Gomerhuset i forbindelse med kontraktsignering den 28. juni.

Signering av kontrakt

Kjell Sindre Tysse, leiar i Skodje sogelag, og Harald Endre Tafjord, prosjektleiar og førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Volda, signerer kontrakta.


Frå kommunen si side vart det uttrykt at medverknad frå høgskulen, både i tidleg  planlegging og i kontrakt med garanti forkvalitet og framdrift, var avgjereande for at kommunestyret samrøystes gjekk inn for økonomisk bidrag og gjennomføring. Samtidig er det eit ideelt tidspunkt å forevige Skodje si historie no, før samanslåing med kringliggande kommunar til nye Ålesund kommune frå 2020.

På høgskulen si heimeside etter kontraktsignering vert det opplyst at dette er det største eksternfinansierte prosjektet for historisk institutt nokon gong, og eitt av dei største for høgskulen sett under eitt. Fordelen for høgskulen er eit heilt fagmiljø med brei kompetanse, også i samarbeid med Sunnmøre museum, på alle periodar frå førhistorisk tid og fram til i dag.

Sogelaget si oppgåve, i tillegg til avtalepart og ansvar for gjennomføring, er å vere lokal samarbeidspartnar med høgskulen gjennom heile prosjektperioden. Ei bygdeboknemnd, med kultursjefen som sekretær, skal samarbeide med forfattarane, fortløpande lese og kommentere manus, og bidra med lokal kunnskap.

Pressemote pa Gomerhuset 28 juni 2017  

Frå pressemøte på Gomerhuset 28. juni med Skodje sogelag, Skodje kommune og Høgskulen i Volda.  Bak f.v. forfattar Eldar Høidal (Sunnmøre museum), forfattar Harald Krøvel, sogelagsleiar Kjell Sindre Tysse, administrativt ansvarleg HVO Bjørn Gunnar Tafjord, rådmann Bente Glomset Vikhagen, kultursjef Magne P Fylling. På benken sit prosjektleiar ved høgskulen Harald Endre Tafjord, ordførar Dag Olav Tennfjord og prosjektleiar i sogelaget Kåre Beite. (Foto Kari Kvernberg)

 

Gjennomføring

I tillegg til prosjektansvar og forfattararbeid stiller høgskulen med historikarar som skal fungere som fagleg referansegruppe for prosjektet. Forfattarane og sogelaget skal samarbeide om arbeidet med bilde og illustrasjonar.  Høgskulen er også rådgjevar for forlagsavtale, der det er krav om ordning med fagfellevurdering.

Bygdeboknemnda skal ha ansvaret for sogelagets oppfølging av prosjektet, og til støtte for dette vert det oppnemnt følgjande arbeidsgrupper:

  • Sponsorgruppe  -  som skal arbeide for nødvendig ekstern støtte og sponsorar
  • Fotogruppe/bilderedaktør  -  skaffe bilde og illustrasjonar, m.a. frå eige historisk arkiv
  • Grendagruppe  -  som skal bidra med kunnskap frå kvar bygd
  • Museumsgruppe  -  som skal søke etter lokale gjenstandar på ulike museum

Bygdeboknemnda skal rapportere til styret i sogelaget og formannskapet i kommunen om framdrift og utvikling av arbeidet med bygdebokprosjektet.

 

Dato: 19.09.2017
Kåre Beite