FSSS logo positiv med breiare ramme 

Foreininga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden

Foreininga sitt formål er å samle inn og formidle kunnskap og historisk materiale om kva Storfjorden med sidefjordane har hatt å seie som ferdselsåre, kontaktskapar, matfat, attraksjon og transportveg for både folket langs desse fjordane og for ein aukande straum turistar. Alle sider ved livet på og i fjorden er det denne foreininga skal interessere seg for. 

Nettside: www.storfjord1.no

   
   
   

På Skodje sogelag sitt årsmøte den 7. mars på Gomerhuset vert Gomerprisen 2016 tildelt Karsten Grindvik.

Skodje sogelag oppretta Gomerprisen i 2010. Etter sagnet var Gomer ein av dei første som busette seg på Skodje, og namnet Gomer vert no knytt til historie og identitet i Skodje. Gomerprisen er ei utmerking som vert delt ut til ein, eller delt mellom fleire, som har utmerka seg i høve kunnskap om historiske røter, historieformidling og identitetsbygging, og prisen vert delt ut når her er ein kandidat som etter sogelaget si vurdering har utmerka seg spesielt.  

Karsten Grindvik har vore ein av pådrivarane i frivillig lagsarbeid i Skodje; m.a. i ungdomslaget der han viste sterkt engasjement då ungdomshuset stod på skade og faretruande nær til å verte tapt for alltid. Han har også vore engasjert i korps og kor, i skyttarlag og i politisk liv. Som forteljar er han eit oppkome av gamle historier om folk og opplevingar i kvardagen, gjennom helg og yrke; og med eit rikt ordforråd av gamle ord og uttrykk vert det fargerike og levande bilde for dei som høyrer på. Slik er Karsten med på å knyte band mellom generasjonane.

Aarsmoete2016 Gomerprisen

 

 

 

 

Gomerprisen er eit relieff i bronse med innskrift, utforma av kunstnaren Ola Stavseng

Skodje i førhistorisk tid

Måndag 7. mars 2016 kjem arkeolog og avdelingsleiar ved Godøy kystmuseum, Heidi Albertinesdatter Haugene, på vitjing til Skodje Sogelag sitt årsmøte på Gomerhuset. Haugene har lang fartstid innafor arkeologi både når det gjeld registrering av nye funn og frå arkeologiske utgravingar.

Haugene vil gje eit innblikk i korleis ein arkeolog jobbar med å finne synlege og ”usynlege” kulturminne. Det vil bli gitt ei innføring i bruk av strandlinjekurver som reiskap, for å sjå tilbake i tid, kor busetnaden var lokalisert. Haugene vil og kome inn på andre arbeidsmetodar som ein arkeolog nyttar for å vurdere, tolke og forstå eit geografisk område.

Ein vil og kome inn på lovverket og rette myndigheit i varsling, registrering og utgravingsarbeidet.

 

Aarsmoete2016 utgraving

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Arkeologisk utgraving av steinalderlokalitet ved ny brua på Skodje. Frå venstre Trond Lødøen (Bergen museum), Ragnar Orten Lie (fylkeskommunen) og Rolf Baade. Heilt til venstre i bilete ser ein soldestasjonen for å finne funn.

Foto: Jan Aakvik

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua. Ut enim ad minim veniam, quis nostrud exercitation ullamco laboris nisi ut aliquip ex ea commodo consequat. Duis aute irure dolor in reprehenderit in voluptate velit esse cillum dolore eu fugiat nulla pariatur. Excepteur sint occaecat cupidatat non proident, sunt in culpa qui officia deserunt mollit anim id est laborum.

Sed ut perspiciatis unde omnis iste natus error sit voluptatem accusantium doloremque laudantium, totam rem aperiam, eaque ipsa quae ab illo inventore veritatis et quasi architecto beatae vitae dicta sunt explicabo. Nemo enim ipsam voluptatem quia voluptas sit aspernatur aut odit aut fugit, sed quia consequuntur magni dolores eos qui ratione voluptatem sequi nesciunt. Neque porro quisquam est, qui dolorem ipsum quia dolor sit amet, consectetur, adipisci velit, sed quia non numquam eius modi tempora incidunt ut labore et dolore magnam aliquam quaerat voluptatem. Ut enim ad minima veniam, quis nostrum exercitationem ullam corporis suscipit laboriosam, nisi ut aliquid ex ea commodi consequatur? Quis autem vel eum iure reprehenderit qui in ea voluptate velit esse quam nihil molestiae consequatur, vel illum qui dolorem eum fugiat quo voluptas nulla pariatur?

VEDTEKTER FOR SKODJE SOGELAG


§ 1  Namn
Skodje sogelag vart skipa 05.12.1973 på grunnlag av medlemskap etter allmenn innkalling i lokalpressa.


§ 2  Formål

a.
Skodje sogelag skal ta vare på og føre vidare det verdfulle arbeidet som har vore gjort med bygdebok i 1961 og gards– og slektshistorie i 1986.

b.
Skodje sogelag skal granske fortida og alt av historiske og antikvarisk verdi innan Skodje sine grenser, og søke å ta vare på verdiar og spreie kunnskap om folk sitt liv og virke i eldre tid.

c.
Skodje sogelag skal følgje opp arbeidet med å bygge opp eit arkiv for Sunnmøre ved å sende årlege oppgåver til Sunnmørsarkivet over det som er samla og registrert.


§ 3  Medlemskap

Alle kan bli medlem av sogelaget mot å betale den årskontingenten som årsmøtet vedtek.
Sogelaget skal vere medlem av Sunnmøre historielag, og det kan vere medlem av andre lag og samanslutningar som har tilsvarande formål, jf § 2.


§ 4  Styre
Sogelaget skal ha eit styre på fem medlemmer valde for to år om gangen. Tre varamedlemmer i nummerrekkefylgje valde for eitt år. Første året går to medlemmer ut etter lutdraging.
Årsmøtet vel leiar, nestleiar, sekretær, kasserar og styremedlem. Leiare vert vald for eitt år om gangen.


§ 5  Årsmøte
Årsmøtet skal haldast ein gong om året innan utgangen av mars, og då gjerne i samband med ei tilstelling med historisk program. Det skal kunngjerast minst 14 dagar i førevegen. Omframt årsmøte skal haldast når styret eller minst ein tredjedel av medlemmene krev det. Innkallingsfristen er minst 8 dagar.

Årsmøtet skal:
a) Velje ordstyrar
b) Handsame årsmeldinga til styret
c) Handsame revidert rekneskap
d) Velje styre etter § 4
e) Velje leiar
f) Velje to revisorar
g) Velje valnemd på tre medlemmer
h) Fastsetje medlemspengar etter § 3
i) Budsjett
j) Årsplan
k) Drøfte og avgjere saker nemde i innkallinga
l) Handsame forslag til endring av vedtekter
Til gyldig vedtak på årsmøtet krevst vanleg fleirtal. Vedtektsendring eller vedtak om å legge ned laget kan likevel berre gjerast på ordinært årsmøte og då med 2⁄3 fleirtal av dei som møte.
På omframt årsmøte skal handsamast berre dei sakene som står nemde i innkallinga.


§ 6  Møtebok
Det skal førast møtebok både på styremøta og årsmøta.


§ 7  Styret sine oppgåver
Styret har den daglege leiinga av laget. Styret kan tinge hjelp til ymse mindre oppdrag, men større arbeid og kostnader må leggast fram for årsmøtet til godkjenning.
Styret kan oppnemne underutval til aktuelle oppgåver.
Styret skal kvart år vurdere aktuelle kandidatar til Gomerprisen.


§ 8  Oppløysing
Skulle sogelaget bli nedlagt, skal midlane forvaltast av Skodje kommunestyre i samsvar med føremålet til laget inntil det på nytt blir skipa sogelag i Skodje kommune.

 

-------------------------------------

Revidert på årsmøte 03.03.11

Tidlegare handsaming av vedtektene:
- 05.12.79 Skipingsmøte
- 29.12.73 Vedtatt på omframt årsmøte