Skodjesoga nytt bokverk 2

Skodjesoga i to band tek føre seg historia til tidlegare Skodje kommune, frå dei første spor etter menneske og fram til Skodje vart ein del av nye Ålesund kommune i 2020. Første bandet trekkjer opp dei lange utviklingslinjene i historia til Skodje, frå fangst- og jegersamfunnet i steinalderen, etableringa av fast busetnad ved overgangen til eit jordbrukssamfunn og til busetnadsekspansjonen i vikingtida og høgmellomalderen. Hovudtyngda ligg likevel på tidsrommet ca. 1600 til 1894, ein periode der jordbruket, fisket og skogen var dei viktigaste næringsvegane. På 1800-talet danna sentrale endringsprosessar grunnlag for moderniseringa av Skodje-samfunnet, med folkeauke, modernisering av samferdsle og næringsliv, utvikling av lokalt sjølvstyre og kulturell vekst som viktige trekk.

1890-åra er eit tidsskilje i Skodje. I samferdsla vart bygdene knytte nærare til omverda, jordbruksnæringa var i ferd med å bli modernisert, og det vart lagt planar om å danne ein eigen kommune for bygdene i Skodje. Band 2 tek føre seg denne moderniseringa av samfunnet, der eit sentralt perspektiv er overgangen frå eit samfunn der jordbruk er den dominerande næringa, til etablering av industri og utvikling av arbeidsplassar i handel og samferdsle. Offentleg sektor med kommunale tenester vart etter kvart ein viktig arbeidsplass i samfunnet. Eit anna sentralt perspektiv er det rike organisasjonslivet som vaks fram frå siste delen av 1800-talet, slik som misjonsforeiningar, musikkforeiningar, idrettslag og andre lag. Dei blir viktige bidragsytarar til kulturlivet i Skodje og har vore med på å skape identitet og tilhøyrsle innanfor kommunegrensene.

Skodjesoga i to band vart mogleg etter at Skodje sogelag fekk testamentert ein arv etter Olav Løvold (1910–2004). Tidlegare Skodje kommune har bidratt økonomisk, slik at sogelaget kunne engasjere Historisk institutt ved Høgskulen i Volda til å ta på seg prosjektet. Faghistorikarane Eldar Høidal ved stiftinga Viti (tidlegare Musea på Sunnmøre) og Harald Johannes Krøvel ved Høgskulen i Volda fekk oppdraget med å skrive bygdesoga.

Band 1: Skogbygder i fjordlandskap (Harald Johannes Krøvel), ISBN 9788283050820
Band 2: Ved allfarvegen (Eldar Høidal), ISBN 9788283051131 

 

Spesialpris ved kjøp gjennom Skodje sogelag

Ordinær pris pr band er kr 490,–.

Spesialpris: Eitt band kr 425,–. Begge banda kr 800,–.

Bøker til spesialpris får du kjøpe gjennom Skodje sogelag på følgjande måtar:
• Boklanseringsdagen 26. oktober / Kulturveka på Gomerhuset 26.–31. oktober
• Direkte kjøp med kontaktpersonane (gjeld også førehandstinging)
• Skodje bibliotek på Gomerhuset / andre lokale salsframstøyt (vert annonsert) Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Kontaktpersonar:
• Kjell Sindre Tysse, e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
• Bodil Grindvik Uri, e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Skodje soge­lag vart skipa i 1973 for å ta vare på og spreie kunnskap om folk sitt liv og virke i eldre tid. Soge­laget har gjeve ut gards– og ætte­soge for Skodje, og vi har no mange tilbod som m.a. årsskrift med his­toriske tema, his­toriske bygde­van­dringar, temakvel­dar, arena for slek­ts­gransk­ing og arrange­ment i tilknyt­ing til kul­turveka. Alle med inter­esse for lokalhis­to­rie er velkomne til å bli medlem, og vi ønskjer alle vel møtt til å ta del i arbei­det og bruke denne heimesida aktivt.

Hels­ing Skodje sogelag