Skodjestølen er setra til Indre Skodje (bruksnummer 20 og 21) og ligg flott til aust for Kvernhuslia. Her har vore seter frå ca. 1890 då gamlestølen, som låg lengre vest, vart flytta. Setredrifta vart her som andre stadar lagt ned for over 50 år sidan, men dei fleste sela står her framleis.

På vandringa vil her vere med nokre som har vore med på setrelivet for å fortelje korleis det var i gamle dagar. Her vil også vere folk i sela, og her blir servert kaffi og noko å bite i.

Dagen vert avslutta med guida vandring langs gamleråsa ned til bygda, så dei som vil vere med på denne turen må ha godt fottøy.

Oppmøte på Skodjestølen er kl 13.30.  Her er knapt med parkering oppe på stølen, så parkeringsplassen ved Steinsetsetervegen syd for Fylling bør nyttast. Fotturen opp til stølen tar om lag ein halvtime. For dei som har behov vil sogelaget vere til hjelp med transport frå parkeringsplassen, så møt opp i god tid.

 

Ingebjørg og Petra på Skøyestølen