Eit levande formidlingssenter for sjøfart og sjøbruk i Storfjorden

På denne sida finn du blant anna desse artiklane som Norunn Heggebakk Steinnes har skrive

 

Fjorden som fiskeplass

For folket som budde ved Storfjorden var denne ei viktig attåtnæring. Fjorden hadde eit mangfall av fiskeslag som folket kunne forsyna seg av. Ikkje alle som budde på gardane ved fjorden i Skodje kommune hadde nok å leva av med dei inntektene gardane gav.
 
Stor-notlaget på Glomset
 
Silda har vore eit fiskeslag som har vore ettertrakta på våre kanter. Hans Strøm skreiv i sin beskrivelse om «Fogderiet Søndmøre» frå 1764 om silda: «Sild er en bekiendt fisk som årlig falder her i ubesrivelige mengder, og haver hidinntil indbragt landet anseelige fordeler.»-- Han nemner og sildenota.