Slik kan det ha vore: Skyttar ved Trollkyrkja.
Slik kan det ha vore: Skyttar ved Trollkyrkja.

«Høgt oppe i fjellet og frå langt tilbake i tid, jamvel forbi historiebøkene – finn vi spor av eit ukjent, gåtefullt fangstfolk som må ha levd i høgfjellet. Kva er dette for noko? Bautasteinar på fjelltoppar, bogestillingar, leiemurar gjennom fjellsidene, primitive buplassar, steinsirklar, labyrintar, mengder av steinformasjonar. Desse omfattande funna i høgfjellet reiser ei rad spørsmål. For det første er det ei stor gåte kvifor forskarar og historikarar ikkje har vist interesse for fjellheimen på Nordvestlandet. Her kan finnast det første kapitlet i historia om Noreg.»

Slik skildrar Astor Furseth funna og spora etter tidleg aktivitet frå menneske på Nordvestlandet. Han har m.a. gjennom samtalar med folk som er godt kjent i fjellheimen, vorte gjort oppmerksam på kulturminner i fjellet. Og han har sjølv vore sterkt engasjert og delaktig i både å finne og registrere dei funna og ei mengd nye funn! På seinsommaren og tidleg haust gjennom fleire år har han saman med andre interesserte og arkeologar saumfart store delar av fjellheimen på leit etter far etter folk. Mange funn er gjort i indre strok og då i stor grad i Tafjordfjella, men han har og vore lengre ute mot kysten. Når det gjeld vårt «nærområde» vil han då kome inn på bautaer og steinformasjonar på nokre av dei høge fjella i Haram, og då m.a. på Keipen og Blåskjerdingen.

Som tidlegare annonsert vil han rett i etterkant av årsmøtet til Skodje sogelag tysdag 12.mars halde eit kåseri omkring dette.

Vi reknar med at det vi ta til om lag kl. 20.00, og påpeikar at det er ope for alle å kome og høyre på Astor Furseth denne kvelden.

Det vert og mulig å få kjøpe nokre av bøkene hans; Som boka «Dommedagsfjellet» om Tafjordulykka og Åkerneset m.m., og boka «Vargtid - og andre historier frå fortida» om m.a. hekseprosessar og andre dramatiske hendingar i indre fjordstrøk på Sunnmøre for nokre hundre år sidan.

Velkomen skal du vere til biblioteket på Gomerhuset denne kvelden!

På vegne av Skodje sogelag,
Kjell Sindre Tysse


Astor på tur i Haramsfjella: Blåskjerdingen
Astor på tur i Haramsfjella: Blåskjerdingen
Astor på tur i Haramsfjella: Keipen