Gode medlemar i Skodje sogelag!

På grunn av den siste utviklinga vedk. coronaviruset, og restriksjonane som i ettermiddag har kome frå styresmaktene, har styret gjort vedtak om å avlyse og utsette årsmøtet med påfølgjande program til situasjonen har normalisert seg. Vi får håpe at vi med ein felles dugnad klarar å stoppe denne utviklinga, og vi får ta vare på kvarandre best mogeleg.

Skodje sogelag  - styret