Arsskrift2017 annonse

Sogeheftet i 2016 handla om posthistoria i Skodje av Øyvind Midtlid, om Solnør i eldre tider av Johan Daae-Qvale og om Skodje på starten av 1900-talet av Jens Moe. Alle desse 3 er markante personlegdomar i Skodje som i sogeskriftet for 2017 går vidare med sine fortellingar. I tillegg har Ottar Nevstad skrive ein litt annleis artikkel om Skodjebruene der han tar for seg kven som arbeidde der av lokale handverkarar. Nils Hatlevik si dagbok frå Gjermundnes landbruksskule har vi fått tilsendt av dottera, Anne Margrethe Bolle. Desse 2 er også markante personar i Skodje. I desse 5 artiklane finn de historier og kunnskap som er ny for dei fleste lesarane. Her er historier med humor, men og fortellingar med alvor og historier til ettertanke. Småplukk frå Skodje med ulike fokus for ulike lesergrupper.

Som vanleg er del 2 av sogeheftet knytta til aktiviteten i laget. Lagsnytt gir eit bilete av det allsidige arbeidet Skodje sogelag legg ned. Vi oppfordrar medlemmane til å nytte heimesida både til informasjon, men òg å kome med bidrag i form av bilete og artiklar. Vandringane til Langskipsøya og til Stavset skule gir nokre tidsbilete som er veldig interessante. Her får vi dei store bileta, men også små detaljar som kyra som ramla på sjøen frå Fjordabåten, eller biletet Knut Stafset tok med sjølvlaga kamera av elevar på Stavset skule på starten av 1920-talet.

Storsatsinga på ny kultur- og bygdehistorie må også vere med. Høgskulen i Volda har teke på seg å skrive ei allmennsoge frå istid til notid. Prosjektet er på 5,3 millionar kr. og er finansiert av Skodje kommune og arv etter Olav Løvold. Boka skal vere ferdig hausten 2021.

På presentasjonen torsdag 7. desember vil Johan Daae-Qvale fortelle om Solnør under den 2. verdskrigen, og her vert og omtale og informasjon om dei andre artiklane. Sogelagsmedlemar får utlevert heftet, og det vert også til sals. Årsskriftet har mykje interessant lokal historie, og det kan vere ei fin julegåve til både dei som bur her, men og særleg til utflytta familiemedlemar og vener.


Med førjulshelsing frå Skodje sogelag

 

Arsskrift2017 artikkelbilete

Potetopptaking på Solnør.