VEDTEKTER FOR SKODJE SOGELAG


§ 1  Namn
Skodje sogelag vart skipa 05.12.1973 på grunnlag av medlemskap etter allmenn innkalling i lokalpressa.


§ 2  Formål

a.
Skodje sogelag skal ta vare på og føre vidare det verdfulle arbeidet som har vore gjort med bygdebok i 1961 og gards– og slektshistorie i 1986.

b.
Skodje sogelag skal granske fortida og alt av historiske og antikvarisk verdi innan Skodje sine grenser, og søke å ta vare på verdiar og spreie kunnskap om folk sitt liv og virke i eldre tid.

c.
Skodje sogelag skal følgje opp arbeidet med å bygge opp eit arkiv for Sunnmøre ved å sende årlege oppgåver til Sunnmørsarkivet over det som er samla og registrert.


§ 3  Medlemskap

Alle kan bli medlem av sogelaget mot å betale den årskontingenten som årsmøtet vedtek.
Sogelaget skal vere medlem av Sunnmøre historielag, og det kan vere medlem av andre lag og samanslutningar som har tilsvarande formål, jf § 2.


§ 4  Styre
Sogelaget skal ha eit styre på fem medlemmer valde for to år om gangen. Tre varamedlemmer i nummerrekkefylgje valde for eitt år. Første året går to medlemmer ut etter lutdraging.
Årsmøtet vel leiar, nestleiar, sekretær, kasserar og styremedlem. Leiare vert vald for eitt år om gangen.


§ 5  Årsmøte
Årsmøtet skal haldast ein gong om året innan utgangen av mars, og då gjerne i samband med ei tilstelling med historisk program. Det skal kunngjerast minst 14 dagar i førevegen. Omframt årsmøte skal haldast når styret eller minst ein tredjedel av medlemmene krev det. Innkallingsfristen er minst 8 dagar.

Årsmøtet skal:
a) Velje ordstyrar
b) Handsame årsmeldinga til styret
c) Handsame revidert rekneskap
d) Velje styre etter § 4
e) Velje leiar
f) Velje to revisorar
g) Velje valnemd på tre medlemmer
h) Fastsetje medlemspengar etter § 3
i) Budsjett
j) Årsplan
k) Drøfte og avgjere saker nemde i innkallinga
l) Handsame forslag til endring av vedtekter
Til gyldig vedtak på årsmøtet krevst vanleg fleirtal. Vedtektsendring eller vedtak om å legge ned laget kan likevel berre gjerast på ordinært årsmøte og då med 2⁄3 fleirtal av dei som møte.
På omframt årsmøte skal handsamast berre dei sakene som står nemde i innkallinga.


§ 6  Møtebok
Det skal førast møtebok både på styremøta og årsmøta.


§ 7  Styret sine oppgåver
Styret har den daglege leiinga av laget. Styret kan tinge hjelp til ymse mindre oppdrag, men større arbeid og kostnader må leggast fram for årsmøtet til godkjenning.
Styret kan oppnemne underutval til aktuelle oppgåver.
Styret skal kvart år vurdere aktuelle kandidatar til Gomerprisen.


§ 8  Oppløysing
Skulle sogelaget bli nedlagt, skal midlane forvaltast av Skodje kommunestyre i samsvar med føremålet til laget inntil det på nytt blir skipa sogelag i Skodje kommune.

 

-------------------------------------

Revidert på årsmøte 03.03.11

Tidlegare handsaming av vedtektene:
- 05.12.79 Skipingsmøte
- 29.12.73 Vedtatt på omframt årsmøte